lørdag 16. januar 2016

Skjalgs Leksa
Kjære medvandrar som les dette; På måndag fekk eg og min solidariske kollega Johan tydelege innstruksar frå norsklæraren vår Christine. Nemleg å offentlegjere vekeleksa på bloggen me laga for nokre månader sidan. Fordi eg og Johan (for ikkje å neglisjere Mathias) er grunnlegjarar av den om ikkje lenge verdskjende bloggen ”Johalgias.blogspot.com”, vil båe leksene bli publisert her. Eg veit sjølvsagd at dykk skjelv av bessetende entusiasme for å lese min nervepirrande leksa, og eg har naturlegvis ikkje gløymt dokk.
min mest essensielle tilråingtil dykk er å sitje i det mjukaste sitjemøbelet tilgjengeleg og hale inn på popcorn, fordi no vil dykk lese den makelause leksa til Skjalg Skorstad.
1     
I romanen Rebell av Finn Øglænd er Alex forelska i to jenter som han skal treffe samtidig. Nærare bestemt må Alex være kløktig og ”få det beste ut av to jenter på ein kveld”.

Julias legitime namn er Kristine. Dette får Alex vite då han pratar me hennar mor på mobiltelefon. Kristine er fortreffeleg vakker. I samsvar med Alex er Julia også styrlaus og desperat, så desperat at ho knabbar gryn fra mora si og reiser frå Sandefjord til Stavanger for å ”rømme inn i natta” me en gut ho aldri har treft før. Ikkje berre er ho tøff, ho høyrer også same type eksentrisk punkmusikk  som Alex. I motsetnad til Alex er ho både dynamisk og fysisk oppegåande. På fritida spelar ho handball for Runar handball, som ho fastslår er eit av topplaga i den nasjonale serien. Mora hennar kan verke nokooverbeskyttande, men det er ikkje så merkverdig når me tenkjer på at ho oppheld seg på andre sida av landet.

Silje går i klassa til Alex. Ho viser ho er tillitsfull fordi ho let Alex skrive av leksene hennar når han er i vanskar. Alex liker henne betre enn dei andre kunstige ”Britney-bertene” som går i klassa hans. Han meiner dei kastar vekkformuar på upraktisk skrot. Ho høyrer også på punk men det er berre fjortispunk. Eg vil seie Silje ikkje er så tøff som Julia, men ho er likevel eminent og venleg. Det er på toget mot Oslo Alex fattar at han eigentleg elskar Silje.
2.      
Platekompanieter plassert sentralt i Stavanger sentrum attmed Sølvberget. Her sel dei til dømes bøker, DVD-ar, blue-ray-ar, CD-ar, spel og innlysande LP-platar.Alex er oppteken av aldrande punkplater, og dette seier meg at det ikkje er første gang han har tatt turen dit. Fleire ting du kan gjere i dette området er å gå på kino eller på Stavanger biblioteket.

Godalen Badeplass er ei strand ytst i Gandsfjorden. Badeplassen ligg ved friområdet på Storhaug-bydel, truleg ikkje langt ifrå der Alex bur. Området har sandstrand og mange vidtrekkande vikar og plenar. Det er når Alex og Julia er på vei til teltet dei passerer Godalen. Godalen badeplass er saman med Vaulen badeplass eit av Stavangers mest attraktive badeplassar.

Storhaug er den bydelen Alex kjem ifrå. Storhaug ligg nord-aust  i Stavanger kommune og omfattar til og med nokre austlege deler av Stavanger sentrum. Utrekningar ifrå 2006 seier at heile 12 349 menneske bur i denne bydelen. Å bli kalla Storhaugs skrekk er i mine tankar ein aldeles humørlaus tittel.
3.      
«Viss eg skundar meg, kan eg få det beste ut av to jenter på ein kveld,» formulerer Alex mot slutten av del to. Han framstår som om han vil vere saman med båe jentene den perioden Julia er i Stavanger. For at han skal trekkje det lengste strået i denne situasjonen og vere med begge jentene på ein kveld, bør han verkeleg kontemplere. Til dømes kan han ljuge til Kristine om at han er gebrekkelig og må heim for å restituere.På kvelden kan han være med Silje og slik er dilemmaet løyst. Eg tilrår under ingen omstende ljuging som ein tilnærmingsmåte, men noko seier meg at Alex ikkje er den typen som bryr seg om normativ etikk.  


Skrive av Skjalg Skorstad

fredag 15. januar 2016


Mine svar til spørsmål om romanen Rebell                15.01.2016

Hei folks, på måndag fekk eg og min iherdige, fantastiske medelev, Skjalg, i oppdrag å skrive eit blogginnlegg om spørsmåla vi fekk i lekse angåande romanen Rebell. Vi les denne boka i norsk timane på skulen. Dette er mine svar til oppgåva.

I forteljinga haldar Alex på me 2 jenter samstundes, Silje og Julia (som han seinare får vite heiter Kristine). Dette er det eg veit om dei to jentene:

Silje er ei ganske roleg og kontrollert jente som går i klassa til Alex. På skulen lèt Silje Alex alltid skriv av leksene hennar. Ho elskar Alex og Alex elskar henne tilbake. Silje er også glad i fjortis-punk som Alex kallar det, punk, men ikkje slik han likar det best.

Julia derimot, har ein veldig god musikksmak ifølge Alex. Julia høyrer på punk frå 70-tallet, og Penelope Houston er førebilete hennar. Ho heiter eigentleg Kristine forresten, ho Julia. Alex fekk vite det mens dei sat i teltet ved Gandsfjorden. Der fekk vi òg vite at Kristine gjekk på handball og var glad i sport i motsetnad til Alex. Ho spilte handball på jentelaget til Runar, eit av dei store laga. Alex kunne sjå det på Kristine, spenstig og sterk var ho. Kristine er eit år eldre enn Alex, ho er 16. Ho bur saman med mor si som er biblioteksjef, faren kjenner ho ikkje.

Vi blir også litt meir kjend med nokon forskjellige stader i Stavanger område som Alex nemnar. Her har eg valt tre av stadene eg møter i teksten.

Dickens

Dickens blir nemnt då Alex ruslar rundt i byen mens han ventar på Silje til å møte han. Alex ser dei første pubane opne, og dei første alkisane som benkar seg på Dickens. Her har eg funne nokon generelle fakta om puben Dickens:

Puben ligg på Skagenkaien i hjarte av Stavanger, peiket mot vågen. Dei starta i 1973 og haldar konsertar, arrangement og diverse fotballkampar. Meldingane om staden har vore positive og dei seier at det er god plass, føremålstenleg atmosfære og ein verkeleg bra DJ!

Lifjell

Lifjell blir nemnt då Alex og Kristine sit framfor bålet ved teltet i Ramsvik. Dei ser over mot Hommersåk-sida, Lifjell, og Dalsnuten.

Lifjellet ligg ved Gandsfjorden og har eksemplarisk utsikt mot Stavanger, Ryfylkebassenget og Nord-Jæren. Det er eit svært populært turmål, og ragar 298 meter over havet. Det var nyleg ein gras- og lyngbrann på fjellsida opp til Lifjell, man kunne sjå det frå store deler i Stavanger området. Eg såg det sjølv!      

 








Godalen:
Godalen blir nemnt mens Kristine og Alex er på veg til Ramsvik. Dei passerer Strømvik kolonihage og Godalen før dei kjem til teltet.

Godalen er ei strand litt utanfor Stavanger sentrum. Derfrå har du utsikt over mot Lifjell, Dalsnuten og Hommersåk. Om sommaren badar mange siddisar på Godalen. Godalen er, saman med Vaulenstranda, Stavangers mest besøkte strender. Det er ei perle av ein badeplass! Om sommaren helst…


«Viss eg skundar meg, kan eg få det beste ut av to jenter på ein kveld,» seier Alex i slutten av del 2 av forteljinga. Heilt ærleg, viss eg hadde vore i Alex’ situasjon, ville eg ha droppa det. Dersom Alex verkeleg vil halde på me to jenter i same andedrag over lengre tid, bør han droppe Silje den kvelden. Viss det som seiast utføras, at Kristine tar toget heim dagen etter, har han berre Kristine ein kveld. Silje har han kvar dag, som på skulen og i Stavanger, mens Kristine bur strengt tatt på den andre sida av landet. For å få ytst mogleg kjemi med Kristine, bør han vera i lag med henne den kvelden.  

Johan, 9c