Skjalgs
Leksa
Kjære
medvandrar som les dette; På måndag fekk eg og min solidariske kollega Johan tydelege
innstruksar frå norsklæraren vår Christine. Nemleg å offentlegjere vekeleksa på
bloggen me laga for nokre månader sidan. Fordi eg og Johan (for ikkje å
neglisjere Mathias) er grunnlegjarar av den om ikkje lenge verdskjende bloggen
”Johalgias.blogspot.com”, vil båe leksene bli
publisert her. Eg veit sjølvsagd at dykk skjelv av bessetende entusiasme for å
lese min nervepirrande leksa, og eg har naturlegvis ikkje gløymt dokk.
min
mest essensielle tilråingtil dykk er å sitje i det mjukaste sitjemøbelet
tilgjengeleg og hale inn på popcorn, fordi no vil dykk lese den makelause leksa
til Skjalg Skorstad.
1
I
romanen Rebell av Finn Øglænd er Alex forelska i to jenter som han skal treffe
samtidig. Nærare bestemt må Alex være kløktig og ”få det beste ut av to jenter på
ein kveld”.
Julias legitime namn er Kristine. Dette får Alex vite då han pratar me hennar mor på mobiltelefon. Kristine er fortreffeleg vakker. I samsvar med Alex er Julia også styrlaus og desperat, så desperat at ho knabbar gryn fra mora si og reiser frå Sandefjord til Stavanger for å ”rømme inn i natta” me en gut ho aldri har treft før. Ikkje berre er ho tøff, ho høyrer også same type eksentrisk punkmusikk som Alex. I motsetnad til Alex er ho både dynamisk og fysisk oppegåande. På fritida spelar ho handball for Runar handball, som ho fastslår er eit av topplaga i den nasjonale serien. Mora hennar kan verke nokooverbeskyttande, men det er ikkje så merkverdig når me tenkjer på at ho oppheld seg på andre sida av landet.
Silje går i klassa til Alex. Ho viser ho er tillitsfull fordi ho let Alex skrive av leksene hennar når han er i vanskar. Alex liker henne betre enn dei andre kunstige ”Britney-bertene” som går i klassa hans. Han meiner dei kastar vekkformuar på upraktisk skrot. Ho høyrer også på punk men det er berre fjortispunk. Eg vil seie Silje ikkje er så tøff som Julia, men ho er likevel eminent og venleg. Det er på toget mot Oslo Alex fattar at han eigentleg elskar Silje.
2.
Platekompanieter plassert sentralt i
Stavanger sentrum attmed Sølvberget. Her sel dei til dømes bøker, DVD-ar, blue-ray-ar,
CD-ar, spel og innlysande LP-platar.Alex er oppteken av aldrande punkplater, og
dette seier meg at det ikkje er første gang han har tatt turen dit. Fleire ting
du kan gjere i dette området er å gå på kino eller på Stavanger biblioteket.
Godalen Badeplass er ei strand ytst i Gandsfjorden. Badeplassen ligg ved friområdet på Storhaug-bydel, truleg ikkje langt ifrå der Alex bur. Området har sandstrand og mange vidtrekkande vikar og plenar. Det er når Alex og Julia er på vei til teltet dei passerer Godalen. Godalen badeplass er saman med Vaulen badeplass eit av Stavangers mest attraktive badeplassar.
Storhaug er den bydelen Alex kjem ifrå. Storhaug ligg nord-aust i Stavanger kommune og omfattar til og med nokre austlege deler av Stavanger sentrum. Utrekningar ifrå 2006 seier at heile 12 349 menneske bur i denne bydelen. Å bli kalla Storhaugs skrekk er i mine tankar ein aldeles humørlaus tittel.
3.
«Viss
eg skundar meg, kan eg få det beste ut av to jenter på ein kveld,» formulerer
Alex mot slutten av del to. Han framstår som om han vil vere saman med båe
jentene den perioden Julia er i Stavanger. For at han skal trekkje det lengste
strået i denne situasjonen og vere med begge jentene på ein kveld, bør han
verkeleg kontemplere. Til dømes kan han ljuge til Kristine om at han er
gebrekkelig og må heim for å restituere.På kvelden kan han være med Silje og
slik er dilemmaet løyst. Eg tilrår under ingen omstende ljuging som ein
tilnærmingsmåte, men noko seier meg at Alex ikkje er den typen som bryr seg om normativ
etikk.
Skrive
av Skjalg Skorstad
Spanande å lese!
SvarSlettElskar virkeleg orda du brukar, gir teksten noe ekstra!
SvarSlett