fredag 15. januar 2016


Mine svar til spørsmål om romanen Rebell                15.01.2016

Hei folks, på måndag fekk eg og min iherdige, fantastiske medelev, Skjalg, i oppdrag å skrive eit blogginnlegg om spørsmåla vi fekk i lekse angåande romanen Rebell. Vi les denne boka i norsk timane på skulen. Dette er mine svar til oppgåva.

I forteljinga haldar Alex på me 2 jenter samstundes, Silje og Julia (som han seinare får vite heiter Kristine). Dette er det eg veit om dei to jentene:

Silje er ei ganske roleg og kontrollert jente som går i klassa til Alex. På skulen lèt Silje Alex alltid skriv av leksene hennar. Ho elskar Alex og Alex elskar henne tilbake. Silje er også glad i fjortis-punk som Alex kallar det, punk, men ikkje slik han likar det best.

Julia derimot, har ein veldig god musikksmak ifølge Alex. Julia høyrer på punk frå 70-tallet, og Penelope Houston er førebilete hennar. Ho heiter eigentleg Kristine forresten, ho Julia. Alex fekk vite det mens dei sat i teltet ved Gandsfjorden. Der fekk vi òg vite at Kristine gjekk på handball og var glad i sport i motsetnad til Alex. Ho spilte handball på jentelaget til Runar, eit av dei store laga. Alex kunne sjå det på Kristine, spenstig og sterk var ho. Kristine er eit år eldre enn Alex, ho er 16. Ho bur saman med mor si som er biblioteksjef, faren kjenner ho ikkje.

Vi blir også litt meir kjend med nokon forskjellige stader i Stavanger område som Alex nemnar. Her har eg valt tre av stadene eg møter i teksten.

Dickens

Dickens blir nemnt då Alex ruslar rundt i byen mens han ventar på Silje til å møte han. Alex ser dei første pubane opne, og dei første alkisane som benkar seg på Dickens. Her har eg funne nokon generelle fakta om puben Dickens:

Puben ligg på Skagenkaien i hjarte av Stavanger, peiket mot vågen. Dei starta i 1973 og haldar konsertar, arrangement og diverse fotballkampar. Meldingane om staden har vore positive og dei seier at det er god plass, føremålstenleg atmosfære og ein verkeleg bra DJ!

Lifjell

Lifjell blir nemnt då Alex og Kristine sit framfor bålet ved teltet i Ramsvik. Dei ser over mot Hommersåk-sida, Lifjell, og Dalsnuten.

Lifjellet ligg ved Gandsfjorden og har eksemplarisk utsikt mot Stavanger, Ryfylkebassenget og Nord-Jæren. Det er eit svært populært turmål, og ragar 298 meter over havet. Det var nyleg ein gras- og lyngbrann på fjellsida opp til Lifjell, man kunne sjå det frå store deler i Stavanger området. Eg såg det sjølv!      

 








Godalen:
Godalen blir nemnt mens Kristine og Alex er på veg til Ramsvik. Dei passerer Strømvik kolonihage og Godalen før dei kjem til teltet.

Godalen er ei strand litt utanfor Stavanger sentrum. Derfrå har du utsikt over mot Lifjell, Dalsnuten og Hommersåk. Om sommaren badar mange siddisar på Godalen. Godalen er, saman med Vaulenstranda, Stavangers mest besøkte strender. Det er ei perle av ein badeplass! Om sommaren helst…


«Viss eg skundar meg, kan eg få det beste ut av to jenter på ein kveld,» seier Alex i slutten av del 2 av forteljinga. Heilt ærleg, viss eg hadde vore i Alex’ situasjon, ville eg ha droppa det. Dersom Alex verkeleg vil halde på me to jenter i same andedrag over lengre tid, bør han droppe Silje den kvelden. Viss det som seiast utføras, at Kristine tar toget heim dagen etter, har han berre Kristine ein kveld. Silje har han kvar dag, som på skulen og i Stavanger, mens Kristine bur strengt tatt på den andre sida av landet. For å få ytst mogleg kjemi med Kristine, bør han vera i lag med henne den kvelden.  

Johan, 9c

2 kommentarer: