Mine svar til spørsmål om
romanen Rebell 15.01.2016
Hei folks, på måndag fekk eg
og min iherdige, fantastiske medelev, Skjalg, i oppdrag å skrive eit
blogginnlegg om spørsmåla vi fekk i lekse angåande romanen Rebell. Vi les denne boka i norsk timane på skulen. Dette er mine
svar til oppgåva.
I forteljinga haldar Alex på
me 2 jenter samstundes, Silje og Julia (som han seinare får vite heiter
Kristine). Dette er det eg veit om dei to jentene:
Silje er ei ganske roleg og
kontrollert jente som går i klassa til Alex. På skulen lèt Silje Alex alltid
skriv av leksene hennar. Ho elskar Alex og Alex elskar henne tilbake. Silje er
også glad i fjortis-punk som Alex kallar det, punk, men ikkje slik han likar
det best.
Julia derimot, har ein veldig
god musikksmak ifølge Alex. Julia høyrer på punk frå 70-tallet, og Penelope Houston er førebilete hennar. Ho heiter eigentleg Kristine forresten, ho
Julia. Alex fekk vite det mens dei sat i teltet ved Gandsfjorden. Der fekk vi
òg vite at Kristine gjekk på handball og var glad i sport i motsetnad til Alex.
Ho spilte handball på jentelaget til Runar, eit av dei store laga. Alex kunne
sjå det på Kristine, spenstig og sterk var ho. Kristine er eit år eldre enn
Alex, ho er 16. Ho bur saman med mor si som er biblioteksjef, faren kjenner ho
ikkje.
Vi blir også litt meir kjend
med nokon forskjellige stader i Stavanger område som Alex nemnar. Her har eg
valt tre av stadene eg møter i teksten.
Dickens

Puben ligg på Skagenkaien i
hjarte av Stavanger, peiket mot vågen. Dei starta i 1973 og haldar konsertar,
arrangement og diverse fotballkampar. Meldingane om staden har vore positive og
dei seier at det er god plass, føremålstenleg atmosfære og ein verkeleg bra DJ!
Lifjell
Lifjell blir nemnt då Alex og
Kristine sit framfor bålet ved teltet i Ramsvik. Dei ser over mot
Hommersåk-sida, Lifjell, og Dalsnuten.
Lifjellet ligg ved Gandsfjorden
og har eksemplarisk utsikt mot Stavanger, Ryfylkebassenget og Nord-Jæren. Det
er eit svært populært turmål, og ragar 298 meter over havet. Det var nyleg ein
gras- og lyngbrann på fjellsida opp til Lifjell, man kunne sjå det frå store deler i Stavanger
området. Eg såg det sjølv!
Godalen:
Godalen blir nemnt mens Kristine og Alex er på veg til Ramsvik. Dei
passerer Strømvik kolonihage og Godalen før dei kjem til teltet.
«Viss eg skundar meg, kan eg
få det beste ut av to jenter på ein kveld,» seier Alex i slutten av del 2 av
forteljinga. Heilt ærleg, viss eg hadde vore i Alex’ situasjon, ville eg ha
droppa det. Dersom Alex verkeleg vil halde på me to jenter i same andedrag over
lengre tid, bør han droppe Silje den kvelden. Viss det som seiast utføras, at
Kristine tar toget heim dagen etter, har han berre Kristine ein kveld. Silje
har han kvar dag, som på skulen og i Stavanger, mens Kristine bur strengt tatt
på den andre sida av landet. For å få ytst mogleg kjemi med Kristine, bør han
vera i lag med henne den kvelden.
Johan, 9c
Veldig kjekt å lese!
SvarSlettDu har nokon gode svar her! Bra tekst
SvarSlett