tirsdag 27. september 2016

Konstant spenning og makelaust gjennomtenkt

Filmmelding: serien, Prison Break

Michael Scofield er ingeniør og vert rekna som eit geni. Bror hans, Lincoln Burrows, er uskyldig dødsdømd for drapet på bror til visepresidenten. Michael har funne ut at bror hans verkeleg er uskyldig, og då han ikkje får noko støtte på det, legg han ut ein plan for å redde broren ut av fengselet på eigenhand. Dei neste sesongane byggjer vidare på vegen ut av fengselet og haugevis av problem som oppstår undervegs.

Wentworth Miller (Michael Scofield) spelar ein fantastisk rolle som hovudpersonen i serien. Gjennom sesongane blir du verkeleg godt kjend med Scofield og du føler sympati for alle dei vanskelege vala han står over. 

Skaparane bak Prison Break har verkeleg lagt seg i selen for å få ting nervepirrande til ei kvar tid, for serien er spennande. Dei fleste episodane har såkalla cliffhengjarar på slutten som «tvingar» deg til å sjå vidare. 

No som det va sagt har serien også nokon dødpunkt der det skjer svært lite. Sesong 3 kan verke meiningslaus for ein del fordi han berre fyller på med masse uinteressant stoff, og du kan bli ganske trøtt i hovudet av sjå i lange strekk.

Eg vil gje Prison Break eit terningkast på 5. Serien er ekstremt spennande og ein veit aldri kva som skjer i neste scene. Til tider er det ein så intens spenning at du ikkje klarer å fokusere på anna en serien. Men hadde det ikkje vore for dei få dødpunkta hadde dette fått ein klar seksar, men ting fell noko og eg endar på ein solid femmar på terningen. Om ein ikkje har sett denne serien har ein noko å sjå fram til. For her er det mykje god fengslande spenning!



    Forfattar: Johan Knudsen

1 kommentar: