Konstant spenning og makelaust gjennomtenkt
Filmmelding: serien, Prison Break
Wentworth Miller (Michael Scofield) spelar ein fantastisk
rolle som hovudpersonen i serien. Gjennom sesongane blir du verkeleg godt kjend
med Scofield og du føler sympati for alle dei vanskelege vala han står
over.
Skaparane bak Prison Break har verkeleg lagt seg i
selen for å få ting nervepirrande til ei kvar tid, for serien er spennande. Dei
fleste episodane har såkalla cliffhengjarar på slutten som «tvingar» deg til å
sjå vidare.
No som det va sagt har serien
også nokon dødpunkt der det skjer svært lite. Sesong 3 kan verke meiningslaus
for ein del fordi han berre fyller på med masse uinteressant stoff, og du kan
bli ganske trøtt i hovudet av sjå i lange strekk.
Eg vil gje Prison Break eit terningkast på 5. Serien
er ekstremt spennande og ein veit aldri kva som skjer i neste scene. Til tider
er det ein så intens spenning at du ikkje klarer å fokusere på anna en serien. Men
hadde det ikkje vore for dei få dødpunkta hadde dette fått ein klar seksar, men
ting fell noko og eg endar på ein solid femmar på terningen. Om ein ikkje har sett denne serien har ein noko å sjå fram til. For her
er det mykje god fengslande spenning!
Jeg blir så glad!
SvarSlett